Innlegg

NEKTA DETTE

Bilde
Då eg skulle gifte meg nekta eg å konvertere. Papa Kristos godtok det. Ein klok mann. Dessutan krossa eg meg ikkje i kirka, eg er ikkje greskortodoks og såg det også heilt «unødig» å kysse ein prest på handa, samt alle ikonbileta i kirka. Eg tenkte også bakteriar/smitte.Eg fekk nokre skeive blikk. Gud er gud for oss alle, og eg respektar kvar einskild si tru, men vil velje sjølv kva eg skal tru på. Dernest nekta eg å kalle svigermor mi for Mama. Eg hadde ei mamma, og ingen kan nokon gong erstatte henne. Det vart også forventa at eg skulle slakte smådyr som høner og kaniner. ALDRI! Å ta livet av eit levande dyr klarer eg berre ikkje. -Kva skal du servere som meze når du får besøk då? Svigermor syntest visstnok at eg var pysete. Vel, det må bli kaffi og kaker, sa eg. - Nei, det held ikkje, her vil folk ha kjøt. Ok, får finne noko i frysen, då repliserte eg. - Jamen det tek tid å tine. Ei kanin kan du kille på no time og hive rett i steikepanna. - MEN eg skal betru deg noko, sa ho lit...